Fredagspraten med Randi Aarønæs

Klikk for stort bileteNamn: Randi Aarønæs

Alder:  55 år

Ansatt i Vanylven sidan: 1986, då var stillinga jordstyreteknikar. 

Kvar jobbar du?
Jobbar på teknisk sektor som landbruksrådgjevar. Er i tillegg hovudtillitsvald i Delta.

Kva består din jobb i? 
Eg er rådgjevar for gardbrukarar og andre som vil søkje tilskot. Det er saksbehandling og kontroll av mange ulike statlege ordningar. T.eks. tilskot til husdyr og areal, beitedyr, drenering, SMIL-tiltak (miljøtiltak), skog, veterinærar og sjukeavløysing.  Det utgjer 28 millionar tilskotskroner pr år. Eg brukar fleire ulike program og kart, men av og til er det også uteoppdrag – helst når vèret er fint.

I tillegg arbeider eg med vegadresser. Og eg kartlegg kulturminne for ei plan som er på gang.

Som hovudtillitsvald er eg litt «vaktbikkje» overfor arbeidsgjevar. Det er viktig med oppfølging når det gjeld rettar og plikter i forhold til arbeidsmiljøet og dei tilsette. Målet er at kommunen er så god som muleg, slik at vi kan yte gode tenester og at det er kjekt å jobbe her.

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt ?
Det har vore i overkant trist når kollegaer pensjonerer seg. Slike du har jobba og ete matpakke saman med i årevis. Det har vore nokre slike siste åra.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune ?
Eg bruker å seie at Vanylven er akkurat passe stor. Eg har god oversikt over det som skjer i organisasjonen og i kommunen elles. Eg får jobbe med mykje forskjellig. Det gjer jobben meir interessant. I ein større kommune må ein nok spesialisere seg meir.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune ?
Nødvendig fagleg oppdatering føregår gjerne i Molde, og startar kl. 10. Så då må ein stå tidleg opp og køyre mykje bil. Litt misunneleg på Ørstingane som kan bruke Timeekspressen.

Dersom du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort ?
Eg ville ha tenkt litt over kor viktig jordbruket er for kommunen, og gjort nokre grep for å fremje satsinga på lokalmat og bevaring av jorda. Og så ville eg ha laga grønnare sentrumsområde, som det er godt å vere i. Og gitt dei tilsette ros for arbeidet som vert gjort.