Fredagspraten med Britt Berge

Fredagspraten med Britt Berge

Namn:  Britt Berge

Alder: 51 år

Kvar jobbar du? Heimebaserte tenester

Kva består din jobb i?

Sidan eg jobbar både som sjukepleiar og fagkoordinator så består jobben min av ein fin kombinasjon mellom sjukepleiefaglege oppgåver og administrative oppgåver. Dette passar meg veldig godt, då ingen dagar er like og det er nok å henge fingrane i.

Eg utfører sjukepleiefaglege oppgåver til brukarane våre i heimebaserte tenester, samt på omsorgssenteret når eg går nattevakt eller har bakvakt. Brukarane er oftast eldre, sjuke og døyande.

Eg er ofte på kartleggingsbesøk ute i heimane for å finne ut kva brukaren treng bistand til for at kvardagen deira skal bli så god som mogeleg. Målet er blant anna at dei skal kunne bu heime så lenge som råd. Vi kan tilby hjelp til husvask, heimesjukepleie av ulikt slag, matombering, velferdsteknologi, omsorgsbolig, hjelpemidlar, støttekontakt m.m. Vi har eit tverrfagleg samarbeid med for eksempel ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, legar, apotek, sjukehus, dagtilbod, avdelingane på omsorgssenteret, kreftsjukepleiar, driftsteknikar osv. I tillegg prøver vi å involvere pårørande så mykje som mogeleg. Viktig med godt samarbeid på alle plan. Mykje av arbeidskvardagen min går med til å sette i verk ulike tiltak og besøk, samarbeide med brukar og pårørande, faglege diskusjonar med mine kollegaer og andre samarbeidspartnarar, evaluere tiltak og revurdere tiltak.

Det blir brukt ein del tid på planlegging og logistikk. Vanylven strekker seg over eit stort område, og vi har brukarar i alle krikar og krokar. Desse skal ha ulik hjelp til ulike tider, og mange har behov for hjelp mange gongar gjennom døgnet. I samarbeid med kollegaene mine bruker vi tid på å gjere arbeidslistene våre så praktiske og effektive som mogeleg, slik at vi får utnytta dei ressursane vi har til det beste for dei vi skal hjelpe.

Elles går mykje av tida mi med til medisinadministrering, tillaging av dosettar og multidose, og oppfølging i forhold til dette.  Elles prøver eg å bistå, støtte og veilede mine gode kollegaer så godt eg kan, og lage gode rutinar. Utfordingane er mange, og vi prøver å være løysingsorienterte og fagleg oppdaterte til ein kvar tid.

 

Ansatt i Vanylven sidan:

Eg var ferdig utdanna sjukepleiar i 1996. Meiner eg har vore fast ansatt sidan 1. januar 1998.

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Det er så mange, og det er vanskeleg å trekke fram noko spesielt. Men då vi fekk flytte inn i det nye flotte omsorgssenteret, i 2014, vart arbeidskvardagen vår mykje enklare, og både vi og brukarane fryda oss over dei flotte lokala og det fine miljøet vi greidde å skape på avdelinga vår.  

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Kollegaene mine. Dei er så dyktige og engasjerte, og dei strekker seg mykje lenger enn nokon kan forvente. Dei ofrar gjerne pausa si for å hjelpe ein kollega, eller bistå ein brukar som treng hjelp. Eg er så stolt av dei.  Mange av dei har eg jobba saman med i årevis, og er veldig glad i dei. Det går ikkje ein dag utan at eg høyrer orda; «Skal eg hjelpe deg med noko?», enten til meg sjølv eller eg overhøyrer det på vaktrommet. Elles har vi eit særs godt samarbeid med nærmaste ledar, som er engasjert og ønsker å levere gode tenester.  Alle kjenner alle, og vi veit korleis vi får tak i kvarandre. I samarbeid løyser vi utfordringane etter kvart som dei dukkar opp.

For meg som elskar å være ute, så har Vanylven fantastiske fjell og fjordar. Alltid vakre turmål, stille og roleg, reine balsamen for sjela. Her er det godt å være, og bu.

 

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Veiret! Vi som jobbar i heimebasert omsorg er ute i all slag veir, sommar som vinter. Vi køyrer frå brukar til brukar. Det er ut og inn av bil, og ut og inn av heimane til folk. Vi vader i snø opptil låra, lurer på kor vi skal parkere, og spring mellom regnbyene. Det er på og av med våte kle, naglesprett, vått hår og raude kinn. Men så har vi jo nokre fine dagar innimellom då, og då er det godt å være «ute».

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Nummer 1: vedtatt ein uimotståeleg rekrutteringsplan for å få fleire helsearbeidarar til kommuna, og bemanna opp avdelingane på sjukeheimen, heimetenesta og dagtilbodet. Nummer 2: kjøpt inn ein bil slik at bebuarane på sjukeheimen har moglegheit til å reise på tur av og til, f.eks. på basar, til kyrkja, på kino, kafé, eller berre køyre seg ein tur rundt Hovda.