Fredagspraten med Hilde Solibakke

Fredagspraten med Hilde Solibakke

Namn: Hilde Solibakke

Alder: 41

Kvar jobbar du? Eg er lærar ved Fiskå skule

Kva består din jobb i? Å jobbe som lærar inneber å legge til rette for at elevane får høve til å lære/utvikle seg fagleg og sosialt, og støtte dei i denne prosessen. Det krev ein god del planlegging! Vi utarbeidar årshjul i fellesskap i kollegiet, og utifrå det planlegg dei enkelte lærarane årsplanar for dei ulike faga. Vi planlegg undervisningsøkter utifrå faglege mål, gjennomfører desse og justerar neste læringsøkt utifrå den førre. Ein lagar vekeplan der det står informasjon til heimane, kva for faglege mål vi arbeider med, og kva for arbeid elevane skal gjere heime. Ein lærar har mange gode samtalar med ulike elevar iløpet av ei veke, både i klasserommet og ute i friminutta.

I år skal eg vere kontaktlærar. Det inneber å ha eit ekstra ansvar for kvar elev og å ha tettare kontakt med dei enkelte heimane.

 

Ansatt i Vanylven sidan: August 2009

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Eg kunna drege fram mange dagar her. Når ei lita jente plutseleg skjønar at ho har lært seg å lese. Når ein 6.klassing som verkeleg strevar, opplever meistring, og andre elevar får det med seg, og rosar! 12.mars 2020….

Om eg skal velje ein dag, må det vere første skuledag hausten 2016. Den dagen skulle eg vere førsteklasselærar for første gong! Eg var van med å jobbe saman med dei eldste elevane på skulen, og no skulle eg vere kontaktlærar til dei aller minste.

Eg hadde sjølv ein som skulle byrje i første klasse den dagen, og starta dagen på Myklebust skule. Der spelte korpset til ære for skulestart, og dei nye førsteklassingane. Eg fekk delta ei stund i klasserommet, før eg køyrde mot Fiskå for å ta imot mine elevar. Elevane hadde fått kome inn i klasserommet, og sat klare som lys til å byrje med læringa. Foreldra var også tilstades ei stund, og det vart ein utruleg kjekk dag. Eg trur eg hadde både grua, og gledd meg minst like mykje som elevane!

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Vi er ei lita kommune, der mange kjenner mange. Det gjer det lettare å spørje kollegaer om råd, gjerne på tvers av skulane. Det lettar prosessen i å skape relasjonar med nye elevar, då du gjerne kjenner søsken, søskenbarn, foreldre eller naboen til barnet. I Vanylven har vi ikkje så store klasser, noko som gjer at det er lettare å legge til rette for kvart enkelt barn, og det er betre muligheter til å følgje opp, dersom det trengst.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det må vel vere noko vi umuleg kan gjere noko med; Det Stabile ustabile vêret vårt! Det er ikkje alltid like kjekt å drage på seg oljehyra, støvlane og paraplyen for å ha inspeksjon i friminutta. Når vi planlegg aktivitetar er det mest alltid vêrmeldinga som styrer kva for dagar vi kan «lande på».

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Då ville eg ha invitert inn ungdommen i kommunen til kontoret, og høyrt kva dei brenn for, og korleis kommunen kunne ha bidrege til å få gjennomført planar og idear dei måtte ha for vidare trivsel.

Eg ville også ha laga ei lett tilgjengeleg oversikt over alle tilbod og aktivitetar som finst for folk i alle aldrar i dei ulike bygdene i kommunen, og reklamert for desse!