Fredagspraten med André Hellebust

Fredagspraten med André Hellebust

Namn: André Hellebust

Alder: 20 år

Kvar jobbar du? Vanylven Legesenter 

Kva består din jobb i? 

Eg er sjukepleiarstudent og vikar på legesenteret. Saman med kollegane mine, jobbar eg med å levere gode legetenester til innbyggarane og besøkande i kommuna. Legesenteret har eit breidt ansvar for å følgje opp pasientar som treng både kortvarig og langvarig helsehjelp. I tillegg har vi ansvar for pasientar som har behov for augeblikkeleg hjelp.

Eg er ofte i skiftestova kor det utførast ulike praktiske prosedyrer. Dette dreier seg om oppgåver som det ikkje krever at ein lege utfører. Slik får legane betre kapasitet til å fokusere på sitt medisinske ansvar. Eksempel på dette er undersøking, sårskifte, øyreskylling, og arbeid før, under og etter småkirurgi som legane tek. Når eg ikkje er på skiftestova, handterer eg ofte telefonen, medan noko tid går til å kontrollere og vedlikehald av utstyr. Noko laboratoriearbeid gjer eg, men eg er ikkje så god på den tekniske biten der endå.

Å jobbe på legesenteret passar meg godt då eg får møte ein variert pasientgruppe. Som sjukepleiarstudent set eg pris på å få eit breidt innsikt i dei ulike tilstandane og livssituasjonane som krev oppfølging av primærhelsetenesten. 

  

Ansatt i Vanylven sidan: 2019

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Eg klarer ikkje å plukke ut ein spesiell dag. Nokon dagar har vi stor pågang, so det føles ut som ein knapt rekk å bli ferdig med ein ting før ein må begynne på ein annan. Andre dagar kan vere spesielle i form av nye ting eg meistrar, lærer og nye erfaringar. 

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det er å få jobbe i eit så godt team er noko av det beste med å jobbe her. Eg erfarar at legane og resten av gjengen strekker seg longt for å hjelpe pasientane. Vidare synest eg det er ekstra kjekt å få yte helsehjelp til folket der eg er oppvaksen.

 

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Eg har ikkje noko negativt å seie om å jobbe i Vanylven!

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Alt positivt eg kunne fått gjort! Særleg er helsa til folk noko eg ville ha fokusert på. Eg er opptatt av at mennesker skal leve eit liv dei er fornøgde med. Mennesker med helse og velvære i behold har større kapasitet til å ivareta samfunnet og dei rundt seg.

Eg ville ha gjort det eg kunne for å rekruttere helsepersonell. Det er sjølvsagt ikkje hjelp i utan at eg også hadde gjort tiltak for at dei skal like seg i jobben her. Då ville eg jobba for bedre arbeidsvilkår og støtte!

Det meste helsepersonell finn motivasjon i å utføre ein skildnad og å gi gode tenester. Eg ville derfor satt forskning og tenesteutvikling på agendaen. Kanskje kunne vi hatt sjukepleiar med eigne timelister til oppfølging eller andre måtar å gi betre helsehjelp på? Dette ville ha lagt opp til at folket får moderne helsetenester av høg kvalitet.

Spørst om eg hadde rekt alt det på ein dag, men eg ville no prøvd!