Fredagspraten med Hilde-Karin Krokvik Nerland

Fredagspraten med Hilde-Karin Krokvik Nerland

Navn: Hilde-Karin Krokvik Nerland

Alder: 53

Kvar jobbar du: Fagkoordinator på Vanylven Aktivitetsenteret

Kva består jobben din i?

Vi er to stillingar ved Vanylven aktivitetsenter. Eg jobbar 90%, medan resten vert delt mellom to andre tilsette. Vi to som er på jobb fordelar oppgåvene mellom oss alt etter kva som står på dagsordenen. Men sidan eg har fagkoordinator stillinga har eg nokre tilleggsoppgaver.

Hovudoppgava er at aktivitetsenteret skal være ein plass der brukarane av senteret har meiningsfulle aktivitetar å halde på med. Eg og kollegaene mine, prøver å  finne aktivitetar til den enkelte, som dei meistrar og har lyst å holde på med.  Vi driv med sying, strikking, litt veving,  produserer tennbrikettar og lagar ting i tre som fuglekasser og småved. Vi har også butikkutsalg. Vi utfører tenester som å køyre  middag til Syvdetun og til heimebuande, tek med medisin frå apotek til Utsikta og Syvdetun, internpostruter mellom rådhuset og dei forskjellige avdelingane. Dette er  oppdrag som brukarane av senteret utfører, men som vi må følge opp.  Kvar fredag lagar vi felles varm lunsj ilag med brukarane våre og ofte til personale med. Vi prøvar også å kome oss på tur innimellom. Aktivitetsenteret vert også lånt ut til frivillige lag og organisasjonar på kveld og helg.

 

Det  siste året har eg også hatt bevilgninga og ansvar for drift av Combi Cafe. Dette kom i gang etter at ein ny brukar starta på senteret og vi trengte nye arbeidsoppgaver. Vi har ikkje fått noko tilskudd for drift,  den er kun drevet av brukar med personale. Sidan dei fleste personal som følger brukar går i turnus, er det stadig nye personal. Dette er utfordrande med tanke på drifta. Derfor er det oftast eg, ilag med ein brukar som startar og lagar til maten som vert servert på kafeen, før ny brukar med personale kjem på jobb og opnar kafeen. For at kafeen skal vere drevet etter mattilsynet sine krav og normer, har eg laga eit system som vert fulgt opp kontinuerlig.

 

Kvar månad har eg økonomirapportering frå både kafeen og aktivitetsenteret. Eg har ansvar for at bilane i avdelinga vert vedlikeholdt. Eg gjere  også utrekning av brukarbetalingar av bil og diverse anna og ordnar personal ved sjukdom og ferieavvikling.

Vi er også med i kvalitetssirkel, ansvarsmøter og personalmøter i lag med utsikta  og Stenbakken, som vi no er i avdeling med, og har eit godt samarbeid med tilsette og pårørande.

 

Ansatt i Vanylven sidan:   August i 1992

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Synst egentlig at vi har mange spesielle dagar på aktivitetsenteret. Overdriv ikkje når eg seie at ikkje ein dag er lik . Men kanskje den mest spesielle dagen var den dagen corona slo ned, og vi vart nedstengt og med alt det førte med seg.

 

Kva er det beste med å jobbe i vanylven kommune?

Det må være alle dei gode arbeidskolegaene mine, og den fine og kjekke gjengen vi prøver å lage eit godt og allsidig tilbud til.

 

Om du var ordførar for ein dag , kva ville du ha gjort?

Eg ville sagt klart ifrå at vi ikkje skal ha vindmøller i Vanylvsfjella. Energikrisa må løysast på anna vis.

 Hadde ellers ville brukt meir pengar på aktivitetstilbud for dei som bur på institusjonane.