Fredagspraten med Stine Engjaberg Rusten

Fredagspraten med Stine Engjaberg Rusten

Namn: Stine Engjaberg Rusten

Alder: 38

Kvar jobbar du? Aktivitør ved Vanylven helse og omsorgssenter.

Kva består din jobb i?

Jobben min består i å lage ein god kvardag for bebuarane på sjukeheimen.

Eg organiserar aktivitetar som for eksempel bingo, neglelakksalong, turar og songstunder.

Det er kjekt med aktivitetar, men praten og kaffikoppen er òg like viktig for mange.

Eg har eitt godt samarbeid med Dagtilbodet for heimebuande og einsame. Ilag får vi til mange kjekke aktivitetar og har det veldig kjekt ilag.

 

 

Ansatt i Vanylven sidan:

Eg har vore ansatt i Vanylven kommune i mange år, men siste åra på sjukeheimen.

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Eg har mange kjekke dagar på jobb, ingen dag er lik, og eg styrer arbeidsdagen min sjølv.

Vi har fått til mykje kjekt, men eg må nok trekke fram Fotballpub på Fellesstova på sjukeheimen. Full stove, mykje liv og røre!  

 

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det beste med å jobbe her må vere dei kjekke kollegane mine. Vi har eitt godt samarbeid og får til mange kjekke aktivitetar ilag.

 

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Om eg var ordførar for ein dag ville eg satsa meir på den yngre og eldre garde. Det er viktig å ta vare på generasjonen som kjem, men òg dei eldre som har kjempa mange kampar for at vi har det så godt som vi har det i dag.