Fredagspraten med Aasta Hamre

Fredagspraten med Aasta Hamre

Namn: Aasta Mathilde Hamre

Alder: 59

Kvar jobbar du? Jobbar som konsulent/saksbehandlar ved Forvaltningskontoret i Vanylven kommune.  Starta i jobben 20. februar i år.

Kva består din jobb i?

I jobben min har eg ulike arbeidsoppgåver og fagfelt. Eg er saksbehandlar på søknadar som omhandlar helse og omsorgstenester, bustøtte frå Husbanken, og ansvarleg for koordinerande eining i Vanylven kommune. 

Forvaltningskontoret blei oppretta i 2023 med formål om å yte forsvarlege tenester og utøve forsvarleg saksbehandling. Forvaltningskontoret er ei dør inn til alle henvendingar til kommunale helse og omsorgstenester. Eg og saman med mine gode kollegaer tek i mot og saksbehandlar søknadar, gir informasjon om tenestene, informere om søkjarprosessen, og hjelpe til med å klage på vedtak.

Jobben i koordinerande eining går ut på å ha ansvar for individuelle planar, oppnemnde, lære opp og rettleie koordinatorar. Brukarar som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå fleire instansar vil vi tilby individuell plan og ein koordinator. Vi mottek meldingar frå instansar der det er behov for ein individuell plan. Brukarar som har behov for tenesta kan også ta kontakt direkte med oss ved Forvaltningskontoret.

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt? Kva er det beste å jobbe i Vanylven kommune?

Som ny i jobben er det mange spesielle arbeidsdagar. Eg trivast godt med utfordringar og varierte arbeidsdagar og arbeidsoppgåver. Det er triveleg å bli kjent med nye kollegaer, arbeidsmåtar, kulturen, og ikkje minst gjere seg kjent med kommunen og innbyggarane i Vanylven.  Eg er blitt veldig godt imot tatt som medarbeidar i kommunen. Min opplevelse er  at eg jobbar i eit positivt arbeidsmiljø og med stor arbeidsglede. Det er også rom for utvikling og foreslå endringar om nødvendig.

I jobben får eg nytte erfaringar og kompetansen min frå saksbehandling og oppfølging av brukarar i den tida eg jobba i trygdeetaten/NAV. Å bygge gode relasjonar til folk, og at vi tek oss tid til å drøfte og lytte til kvarandre synes eg er viktig for å få til konstruktive og fornuftige løysningar for den det gjeld.

Vanylven kommune har retningsliner for tildeling av helse -og omsorgstenester. Retningsliner nyttar eg aktivt i saksbehandlinga av søknader om helse -og omsorgstenester. Retningsliner/serviceerklæringa er tilgjengeleg for alle. Eg meiner at den gir god skildring av tenestene, lovverk, formål, målgruppe, og kriterium/tildeling av dei tenestene kommunen kan tilby innbyggjarane sine.  

Eg er blitt kjent med mange dyktige medarbeidarar i kommunen som innehar god kompetanse på sine fag områder. Godt samarbeid og god samhandling kjenner eg på at vi har fått til i lag, og mykje hjelper på at vi er rause med kvarandre og vil kvarandre vel.

Ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Dette er eit spennande og utfordrande spørsmål.  Eg tenker at Vanylven kommune har same utfordringane som mange andre kommunar i landet med økonomiske utfordringar og mange oppgåver som skal løyast.

Som ordførar for ein dag hadde eg sjekka ut og sett i gang det vi «politikarane» var einige om.

Dei sakene vi er ueinige om må på dagsorden og jobbast vidare med i medskapande prosessar. Det bør leggast til rette for og gjennomførast på ein slik måte at det skapar engasjement både frå politikarane, innbyggarane og tilsette i kommunen.