Fredagspraten med May-Britt Bøstrand Svastuen

Fredagspraten med May-Britt Bøstrand Svastuen

Namn: May-Britt Bøstrand Svastuen

Alder: 50 år

Kvar jobbar du? Som konsulent på oppvekstkontoret og på Fiskå skule som kontorassistent

Kva består din jobb i?

Litt forskjellig som har med skule og barnehage å gjere. Skuleskyss, søknadar  om redusert foreldrebetaling, fakturering bhg og sfo, arkivering til elevmapper og barnemapper, attestering av inngåande faktura mellom anna. Akkurat no er det nytt oppvekstadministrativtsystem som er mest i fokus. Vi skal skifte OAS frå Edlevo til Vigilo 01.08. og det er mange brikkar som skal på plass. Alle som jobbar i skule og barnehage har mykje nytt å sette seg inn i når vi startar opp i august. Sidan påske har det vore timevis med kursing og møter. Heldigvis er det heile Sjustjerna som skal over i Vigilo, så vi har jobba saman alle kommunane med det same prosjektet. Mykje god kompetanse frå dei andre som eg har hatt god nytte av.

 

Ansatt i Vanylven sidan:  2010

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Det må vere kongebesøket i fjor. Eg hadde ansvaret for å koordinere bussane som bringa og henta skuleborna og dei eldste barnehageborna. Det vart nokre spennande timar for å sjå om tidsskjemaet mitt holdt. Det gjekk bra, sola skein og folk var fornøgde.  Masse arbeid i forkant og alle jobba på som heltar. Ein kjempedag der vi fekk vist oss frå vår beste side. Og vipps så var det over, det gjekk veldig fort heile greia.

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det at vi er ei lita kommune med små einingar. Det har eg tenkt mange gongar når eg jobbar med å ha oversikt over elevar, born, føresette og tilsette. I både Edlevo prosjektet og Vigilo prosjektet jobbar vi tett i lag med Sjustjerna kommunane. Då får eg litt innblikk i utfordringar og styrker som dei andre har. Vi er ein flott gjeng med kollegaer på rådhuset og kort veg mellom kontora når ein lurer på noko.

 

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det heng litt saman med forrige spørsmål. For det å vere ein liten administrasjon fordrar at ein må ha mange forskjellige roller og hattar. Må kunne litt om alt. Det er interessant men også ganske krevande. Fleire oppgåver skal løysast på kortare tid. Ein blir dradd i fleire retningar.

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Vanskelig spørsmål, kva kan ein få gjort på berre 1 dag   Kanskje legge asfalt på fleire av dei kommunale vegane våre. Ganske sørgelig standard på fleire av dei. Ikkje minst i Sunndalen. Vedlikehald av kommunale bygg er også ein stor utgiftspost og eit forsømt område. Eg ville sett fokus på korleis få meir pengar inn til kommunekassa. Dersom vindmøller kan vere ein del av løysinga, så er eg ikkje motstandar av det. Ein liten brannfakkel der 😉