Fredagspraten med Marina Haaberg Ersvåg

Fredagspraten med Marina Haaberg Ersvåg

Namn: Marina Haaberg Ersvåg

Alder: 45 år

Kvar jobbar du?

Eg er assisterande rektor og lærar på Fiskå skule.

Kva består din jobb i?

Eg jobbar i lag med rektor og er rektors sted fortredar. Eg har medansvar for skulens pedagogiske utvikling og totale ressursar. Eg driv planarbeid og har ansvar for ulike saksfelt etter arbeidsfordeling i plangruppa. Det er eg som lagar postane og timeplanane til lærarane. Eg har ansvar for innkjøp i lag med rektor og betalar rekningar som Fiskå skule skal betale. Eg har også ansvar for å skaffe vikarar utanom vikarbanken og skriv vikarliste og sende til lønn. Eg har ansvar for å følgje opp assistentane, vi har møte ein gong i veka. Eg fiksar nye busskort, bestiller bussturar, fotografering o.l Ellers handlar kvardagen mye å drifte og serve læraren og elevane med små og større problem som oppstår i kvardagen.

Utanom det administrative er eg naturfagslærar, det lika eg veldig godt og gleda meg til å få ta i bruk det nye naturfagrommet.

Det er denne kombinasjonen av å få vere både i klasserommet med elevane og  samtidig vere ein del av administrasjonen eg elskar med jobben min.

Ansatt i Vanylven sidan:

Eg blei ansatt første gong i år 2000, då var eg lærar på Åheim, hadde fødselspermisjon året etter. Jobba på Åram skule i 2002, og hadde fødselspermisjon i 2003. Så flytta vi frå Vanylven, budde to år i Førde og to i Aurland, men flytta tilbake og begynte på Fiskå skule i 2007.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det beste med å jobbe her må vere dei flinke og kjekke kollegaene mine. Vi har eit godt arbeidsmiljø og stiller alltid opp for kvarandre.

Eg har kort veg til jobb og matbutikk og ikkje minst kort veg til naturen. Eg er glad i å gå på tur på fjellet og sjøen setter eg også stor pris på.

 

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

 

Vi bur i ei lita kommune og det er ikkje alltid so lett å få tak i lærarvikarar, so bruka ofte ein del tid på å få kabalen til å gå opp. Må også nemne været, det påverka både store og små og gjer det vanskeleg å planlegge turar og aktivitetar ute fram i tid som fjelldag, joggedag, skidag ol. Her må man hive seg rundt når det er gode værforhold og helst ha alt utstyr klart for alle årstiderJ

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Då ville eg ansatt ein miljøterapeut på skulane og økt budsjetta til skulane. Vi fekk ein ny lærarplan i 2022 og må kjøpe nye bøker i alle fag, i tillegg har vi store utlegg på digitale lisensar.

So skulle eg ønskje at det var eit betre kollektiv tilbod både i og ut av kommuna, slik at vi kan f. eks ta buss til Selje/Måløy for å ta hurtigbåten til Bergen, og at det går buss på kveldstid for ungdommane våre mellom bygdene.