Fredagspraten med Arnt Grønvold

Fredagspraten med Arnt Grønvold

Namn: Arnt Grønvold

Alder: 56

Kvar jobbar du?

Lokal innføringsleiar i Helseplattformen

Kva består din jobb i?

Jobben min består i å leie innføringa av Helseplattformen i Vanylven kommune. I starten har det vore mykje kartleggingsarbeid. Elles er det å koordinere dei ulike rollane i prosjektet. Helseplattformen skal erstatte alle EPJ-systema vi har i kommunen i dag, i tillegg til at den skal brukast på alle sjukehusa i Midt-Norge. Då får vi ett system som alle skal bruke, slik at vi slepp å hente opplysningar om pasientane frå andre system slik som vi gjer i dag.

 

Ansatt i Vanylven sidan: 1. september 2001

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

I denne stillinga er det vel møtet med folka i Helseplattformen i Trondheim. Då fekk eg sjå kor stort prosjektet eg jobbar med eigentleg er.

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det at kommunen er liten gjer til at ein kjenner dei fleste som jobbar der, dette er bra for arbeidsmiljø og eit sterkt fellesskap blant dei ansatte. Ein kjenner seg inkludert og verdsett.

 

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Fagmiljøa i kommunen er mindre enn i større kommunar og det er ikkje lett å få tak i dei rette fagfolka alltid. Dette kan gjere at fagleg utvikling ofte ikkje er like god som i større kommunar

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Ja, Kva kan ein ordførar få til på ein dag?