Fredagspraten med Elisa Orheim Bakkebø

Fredagspraten med Elisa Orheim Bakkebø

Namn:

Elisa Orheim Bakkebø

Alder:

23 år

Kvar jobbar du?

Brannkonstabel i Vanylven brann og redning

Kva består din jobb i? 

Når ein jobbar i eit deltidsbrannvesen går vi rundt med ein radio og rykker ut når vi har anledning. Det er forskjellige oppdrag som bygningsbrann, helseoppdrag og overflateredning

Vi har vekes- og månedskontrollar på bilane der vi skjekkar at alt er i orden og fungerar. Med desse kontrollane lærer vi meir om utstyret og kor det ligg i bilen slik det går fortast muleg når noko skjer.

Vi har også fleire øvingar i året der vi er innom alle fagfelt, og lærer å bruke utstyret og utføre diverse oppdrag best muleg.

 

Ansatt i Vanylven sidan:

2022

 

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Open dag på brannstasjonen er ein kjekk dag synes eg. Der har vi diverse aktivitetar som brannbilkøyring, skum, sløkking av brann, skjekk av brannsløkkerar og div. I år skal Bjørnis flytte inn på stasjonen, og det er 26.august for den som vil ta turen!

 

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Kjekke arbeidskollegar og varierte arbeidsoppgaver.

 

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Stoppa vindmølleprosjekta i Vanylven.