Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Stortingsvalet 2021 - her kan du røyste! Det vert halde val på representantar til Stortinget måndag 13. september. Du har røysterett om du er norsk statsborgar og fyller 18 år seinast 31. dese...
Informasjon angåande privat testing for koronasertifikat i Syvde Vi har i dag ein privat teststasjon i Syvde som tilbyr gratis testing for koronasertifikat – dette sertifikatet er gyldig i 24 timar og kan berre nytt...
STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET 2021 I 2021 er det val av nytt Storting og nytt Sameting. Valgdagen er fastsett til måndag 13. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søn...
Endringar innanfor heimebaserte tenester Informasjon til innbyggjarane angåande endringar innanfor heimebaserte tenester i Vanylven kommune.
Løyve til utlegging av sjøkabel på strekninga Fannefjorden - Kjødspollen Kystverket har gjort følgjande vedtak: "Med hjemmel i havne- og farvannsloven § 14 gir vi Seaworks Kabel AS på vegne av N0r5ke Fibre AS tillatelse ette...
Vil DU vere med å kartlegge naturen vår? Er du opptatt av å ta vare på mangfaldet i naturen? Ein viktig del av dette arbeidet er å registrere ulike artar. Alt du treng er mobil, kamera, nett...
Viktig informasjon frå Syvde Vassverk - oppdatert 06.08.2021 Oppdatering 06.08.2021"2. kontrollprøve også ok. Vatnet er trygt å drikke. Alle må redusere forbruket til vi får regn. Mvh SVV ved Ivar Arnesen" Oppd...
Ny kommunalsjef for helse og omsorg Vanylven kommune har tilsett Eli Tefre Nordal som ny kommunalsjef for helse og omsorg. Som kommunalsjef vil Eli ha eit heilskapleg leiaransvar for l...
Ønskjer du tomt i Åheimslida byggefelt ? Vanylven kommune ønskjer å avklare interesse for bustadbygging i byggjefeltet Åheimslida på Åheim og planlegging av tidspunkt for vidare utbygging av ...