Vi inviterer til folkefest på kunsgrasbana ved Olivinhallen på Åheim Vanylven kommune inviterer alle som vil til å vere med på folkefesten i samband med kongebesøket Onsdag 31. august klokka 10:30 vil kong Harald og dronning Sonja stige i land frå sjaluppen som har frakta dei frå kongeskipet. Då vil dei kjøre opp til kunstgrasbana ved Olivinhallen på Åheim. Vi vonar derfor at mange vil ta turen for å helse kongeparet og vere med på festen. Program for folkefesten Kl. Program 10:30 Kongeparet kjem i land ved småbåthamna på Åheim – blir tatt i mot av hamneansvarleg Kongeparet blir møtt på kaia av ordførar Lena Landsverk Sande og politimeister Ingmar Farstad Kongeparet får blomar av Håkon og Magnus Rusten Berge, tvillingar på 6 år Kongeparet kjem til Olivinhallen og blir følgd til sitteplassane Vanylvsblesten spelar Red Rock March ved innmarsj, og fyl opp med Prinsessemarsen når HHMM Kongen og Dronninga er på plass Introdusering ved programleiar Vidar Parr Felles barnekor syng miks av «Nordmannen» og» Vestlandet» Solistar: Lorine Bakkebø Jensen og Astrid-Iren Refvik Lille-Rovde Fele: Sølvi Erviksæter Sjåstad Piano: Øyvind Lied Forfattar Maria Parr les utdrag frå boka Tonje Glimmerdal Ordførar helsar Merkesteinane syng Monsiadesongen Tale frå HM Dronning Sonja Kongeparet blir følgd vidare av ordførar til stands på parkeringsplassen framfor Olivinhallen og helsar på tre personar: Lokalt næringsliv (Paul Sindre Vedeld) Lokal kunstnar/forfattarar (Hilde Myklebust) Stad Skipstunell (Jan Helgøy) Følgjet reiser vidare til St. Jetmundkyrkja og blir tatt imot ved kyrkjeporten av Jermund Rekkedal Historia om kyrkja v/ Jermund Rekkedal Musikk: «Tiento de falsas de Secondo tono» (Pablo Bruno) 11:45 Kongeparet tar farvel med ordførar, hamneansvarleg og politimeister ved småbåthamna Sist endra 29.08.2022 13:27