Rekruttering av medarbeidarar - kva kan kommunen bli betre på?

Rekruttering av medarbeidarar - kva kan kommunen bli betre på?

 

I Vanylven ønsker vi det beste for innbyggarane våre. Dei tilsette sørgar mellom anna for reint vatn i springen, gode læringsarenaer for ungane våre og eit rikt liv for våre eldre og uføre. Det blir lagt ned ein solid innsats i heile organisasjonen kvar dag, heile året. Kommunen ser likevel at vi allereie i dag og i framtida vil mangle hendene til å utføre desse viktige oppgåvene.

Vi har laga ein rekrutteringsstrategi med ulike satsingsområde som ei arbeidsgruppe er sett til å arbeide med, men vi treng innspel frå innbyggarane våre, tilsette og andre, på kva vi kan bli betre på.

Kom med innespel i dette skjemaet