Tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll

Tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll

 

Ane Malene Søvik Nygård er tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll kommunalt oppgåvefelleskap. Ho går frå stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune. 

Vest kontroll er eit kommunalt oppgåvefelleskap mellom sju kommunar på Søre Sunnmøre og to kommunar i Vestland, som er sekretariat og førebur alle saker for kontrollutvala i dei ni kommunane.

Søvik Nygård tek over som dagleg leiar etter Jostein Støylen, som har leia selskapet sidan det vart oppretta i 2005, men no skal gå av med pensjon ut på nyåret.

Ane Malene Søvik Nygård har vore tilsett i stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune sidan januar i år, først konstituert, deretter fast. Ho kom då frå stillinga som rådgjevar i same sektor. Tidlegare har ho vore strategi- og utviklingsleiar i Vanylven kommune og dagleg leiar i det kommunale utviklingsselskapet Vanylven Utvikling.

-Då eg fekk presentert denne moglegheita, så tenkte eg at den dukkar berre opp éin gong, og eg er audmjuk over å no få moglegheita til å vidareføre det Jostein Støylen har etablert i det interkommunale kontrollutvalssekretariatet, seier Søvik Nygård i ein kommentar.

-Tida i Herøy har vore lærerik, innhaldsrik og spanande, og eg har trivdes veldig. Det var difor inga lett avgjerd å skulle gå vidare. Heldigvis får eg framleis arbeide med Herøy – vel og merke frå ein annan innfallsvinkel enn i dag, seier ho.

 

Ane Malene Søvik Nygård tek til i jobben som dagleg leiar på nyåret etter nærare avtale.

Link til Vest kontroll si heimeside