Hytterenovasjon gjeld restavfall, ikkje byggavfall !

 

Vanylven kommune ved teknisk sektor vil informere om at dunkane for hytterenovasjon er kun til restavfall. Det skal ikkje kastast byggavfall, plenklipparar, tv`ar, grillar, syklar, vindu, stolar eller takpapp. 

Dersom du har behov for å kaste slike ting, kan du kvitte deg med dette gratis på Miljøstasjonen på Lilleeide som er open kvar tysdag. 

Kontakt

Pål Andre Lillebø
arbeidsleiar
E-post
Mobil 907 26 856