Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
No kan du endre terminen på kommunale avgifter No kan alle innbyggjarar som mottek kommunale avgifter gi beskjed om dei vil ha faktura kvartalsvis eller per halvår. Første faktura må vere halvårleg...
Kunngjering av godkjent detaljreguleringsplan Slagnes-E40 Kommunestyre i Vanylven vedtok å godkjenne detaljreguleringsplan Slagnes-E40 i møte 21.03.2022 ihht. plan- og bygningslova §12-12. Vedtaket vert kunng...
Busetting av flyktningar i Vanylven kommune Vanylven kommune har i dag blitt oppmoda av IMDi om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina. Kommunen har difor satt i gang arbeidet med å etablere ei fl...
Korleis skape attraktive og livskraftige vannvegsstasjonar langs skipsleia til Stad skipstunnel? Vanylven kommune har som kjent blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommunar i samband med den komande bygginga av Stad skipstunnel. Kommunen vil som e...
Informasjon angåande jodtablettar Hendingane i Ukraina dei siste dagane har ført til eit stort mediafokus på jodtablettar. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablet...
Arbeidstakarar med bestått fagbrev Vanylven kommune har fått tre nye arbeidstakarar med bestått fagbrev som helsefagarbeidararar i januar/februar 2022. Dette gjeld Alma Cenabre Kløvning...
Endringar i koronatiltak Regjeringa har i dag, laurdag 12. februar, fatta vedtak om endringar i koronatiltakaAlle endringane gjeld frå kl. 10.00 laurdag 12. februar 2022
Kan du vere interessert i å vere frivillig instruktør for «Sterk og stødig»? Vanylven kommune ynskjer å setje i gang med helsefremjande og førebyggande treningsgruppe for seniorar; «Sterk og Stødig». «Sterk og stødig» er gruppe...
Vanylven kommune får innovasjonshjelp som Gnist-kommune Vanylven kommune har nyleg blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommuner. Grunnen til dette er den komande bygginga av Stad skipstunnel. Som Gnist-komm...
Tid for å søkje tilskot i landbruket SMIL-tilskot inntil 70 % av kostnad. Søknadsfrist 1.april. Gjeld miljøtiltak i jordbruket, t.d. til rydding og gjerde i gamal kulturmark, hindre attgr...