Ole Martin tilbake i Vanylven!

Ole Martin tilbake i Vanylven!

Foto: Privat

Vi har gleda av å informere om at Ole Martin Brudevoll har fått tilbod og takka ja til fast stilling som rektor ved Åheim skule. Han starta i stillinga 1. august og er såleis på plass til skulestart.

Ole Martin kjenner kommuneorganisasjonen og særleg skulesektoren godt. Han har m.a. arbeidd som lærar ved Myklebust skule og vore tilsett både ved Kultur-og oppvekstkontoret og i Stab. Ole Martin kjem no frå stillinga som undervisningsinspektør ved Ørsta ungdomsskule. Han har ein allsidig utdanningsbakgrunn innan både fag, pedagogikk og leiing.

 

Vi vonar Ole Martin blir teke godt i mot, og ønskjer han lukke til i stillinga!