Informasjon om fugleinfluensa i Møre og Romsdal

Informasjon om fugleinfluensa i Møre og Romsdal

Her får du svar på kva du skal gjere dersom du finn døde fuglar.

Illustrasjonsbilete Pixabay.com

Fugleinfluensa sirkulerer blant ville fuglar i store delar av landet, men Mattilsynet definerer det ikkje som utbrot i Møre og Romsdal.

– Vi har per i dag ikkje eit utbrot av fugleinfluensa i Møre og Romsdal, med eit stort antal sjuke og døde villfugl.

Det seier Magne Mo, fungerande regiondirektør i Mattilsynet region Midt i ei pressemelding frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Han oppmodar om å melde frå til Mattilsynet på deira nettsider dersom du oppdagar døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa. 

Handtering av sjuke eller døde fuglar

Fugleinfluensa er svært smittsam mellom fuglar, og fører som regel til alvorleg sjukdom og død. Menneske kan i svært sjeldne tilfelle verte smitta. Folkehelseinstituttet vurderer smitterisiko for den generelle befolkninga som svært låg.

For å vere føre var bør du unngå å ta på sjuke eller døde villfuglar utan beskyttelsesutstyr. Informasjon om korleis du skal handtere døde fuglar finn du Mattilsynet sine nettsider.

– Så lenge vi ikkje har utbrot av fugleinfluensa i Møre og Romsdal, kan du fjerne død fugl ved å bruke hanskar og munnbind, legge den i dobbelt plastpose og kaste den i restavfallet, seier Magne Mo i pressemeldinga.

Obligatorisk registrering av fjørfehald

Mattilsynet oppfordrar til godt smittevern for å beskytte eigne fuglar mot smitte. Alle som har fjørfehald (t.d. høner, ender, duer) skal registrere det hos Mattilsynet: https://www.mattilsynet.no/dyr/kjaeledyr/fugl-som-hobby/registrer-hobbyhold-av-fugl.

Dette er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Kravet til registrering gjeld heile tida, uavhengig av fugleinfluensaen.