Treningsgruppe for seniorar 65+

Treningsgruppe for seniorar 65+

Nivået er tilpassa dei som begynner å kjenne på å vere ustø, men kan gå inne utan ganghjelpemiddel.

MÅLGRUPPA

  • Heimebuande på 65+
  • Har begynt å kjenne på redusert styrke og balanse
  • Kan gå innandørs utan hjelpemiddel
  • Kan kome seg til og frå treninga utan pasientreise

 

Det er trening 1 gong i veka, leia av frivillige instruktørar med kurs og veiledning av fysioterapeut. Treninga er sittande, ståande og gåande med hovudvekt på styrketrening for bein og balansetrening. Ved behov kan du setje deg eller støtte deg på ein stolrygg.

 

Begrensa antal plassar – hugs å melde deg på!

 

Hausten- 23 vert det treningsgrupper på fire plassar i kommuna:

 

Olivinhallen Åheim:          tysdagar    kl. 11:00 – 12:00 (oppstart 22.august)

Slagnes forsamlingshus:  måndagar kl. 11:00 – 12:00 (oppstart 4.september)

Fiskå ungdomshus:          tysdagar    kl. 11:00 – 12:00 (oppstart 5.september)

Eidsåtun:                          onsdagar   kl. 11:00 – 12:00 (oppstart 6.september)

 

Pris: kr 300 pr. semester (halvår)

Påmelding rettast til fysioterapeut Anne-Stine: 469 41 898