Informasjon om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Informasjon om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Utleggingsmanntalet til kommune- og fylkestingsvalet og for sametingsvalet er no tilgjengeleg for ettersyn ved servicekontoret i Vanylven, mandag-fredag mellom 08.00-15.00. Dersom du er usikker på om du står oppført i manntalet kan du kontrollere dette i kommunen sitt papirmanntal, eller du kan også ringe 70 03 00 00.

Alle som er folkeregistrert som busett i kommunen pr 30. juni i valåret skal stå i manntalet. Dersom du meiner nokon er uriktig innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret undersøker og eventuelt rettar feilen, jf Valgloven § 2-7 (1). 

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til valstyret i Vanylven kommune så snart eventuelle feil blir oppdaga, jf valgloven § 1-7 (2). Adressa til valstyret er Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller e-post til postmottak@vanylven.kommune.no.

Du kan lese meir om manntal og stemmerett på valg.no