Helse og omsorgssektoren i Vanylven:
Vanylven helse- og omsorgssenter som er av nyare dato med godt, moderne utstyr. Her vil du få moglegheit til fagleg utvikling i tett samarbeid med flinke fagfolk. Omsorgssenteret består av to avdelingar i tillegg til ei avdeling for heimebasert omsorg. Utover dette har vi avdelingar for bu- og avlastning og førebygging- og rehabilitering.
Organisering av stillingane:
Vi er i ferd med å legge om til årsturnus/ønsketurnus frå 2024, noko som vil skape forutsigbarheit for deg som arbeidstakar.
Som tilsett i ressursbanken kan du forvente å jobbe i kortare og lengre vikariat der behovet for di kompetanse trengs til ei kvar tid.
Kvifor Vanylven?
For å tiltrekke oss kompetanse ynskjer vi å tilby ei rekrutteringspakke. I denne ligg mellom anna nedskriving av studielån (også kjent som Finnmarksmodellen) og andre rekrutteringstillegg. Vi tilbyr også eigen hybel m/bad, og fellesareal der du kan sosialisere deg med andre i same arbeidssituasjon.
Like utanfor stovedøra har du spektakulær natur som gjev moglegheit for unike naturopplevingar. Heile året kan du gå på dei flotte fjelltoppane våra, fiske, dykke, og surfe ved stadt. Like ved hybelhuset har vi BUA som tilbyr gratis utlån av sports- og fritidsutstyr heile året.
Ynskjer du meir informasjon?
Ikkje nøl med å ta kontakt med leiar Hanne Toft Stenersen, mobil: 944 86 836,
e-post: hanne.toft.stenersen@vanylven.kommune.no