Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Jobbsjansen - ei teneste for unge vaksne Jobbsjansen er ei teneste kommunen levera for unge vaksne i alderen 16 – 23 år.Tilbodet passar for dei som ikkje har meistra skulen, ikkje fått lærlin...
Norsk kulturarv gir stipend til barnehagar, skular og idrettslag Norsk kulturarv tilbyr no skular, barnehagar og idrettslag stipend for å rydde og gjere det fint rundt eit kulturminne i Vanylven kommune. Dersom dett...
Oppdaterte retningslinjer for besøk på omsorgssenteret Regjeringa kom 27. mai med ny rettleiar for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar. Den overordna målsettinga er framleis å unngå at det kjem smitte m...
No kan du kommunisere med helsestasjonen via SMS Fredag 22 mai innførast det system for SMS timebestilling ved Vanylven helsestasjon. Tenesta gjeld helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.
Frivillige lag og organisasjoner kan søke momskompensasjon Frå i dag kan frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele 1,685 milliardar kroner i ...
Saurdalen i Vanylven blir rusta opp Møre og Romsdal fylkeskommune skal forsterke og legge ny asfalt på fv. 5856 langs Saurdalsvatnet i Vanylven. Prosjektet er ein del av den fylkeskommun...
Pasientar skal ikkje betale eigendel ved mistanke om covid-19 Veit du at at pasientar ikkje skal betale eigendel ved undersøkingar på grunn av mistanke om smitte av covid-19?