Arkeologisk utgraving:
Fylke vurderer planområdet til å ha potensiale for automatisk freda kulturminne, knytt til bronse/jarnalder-busetjingsspor som ligg under markoverflata. Her er lokasjon, høgde over havet, og eksisterande kulturminne i nærleiken ein viktig indikator for vurderinga av potensialet. Fylke vil på grunnlag av dette stille krav om arkeologisk registrering, jamfør § 9 i Kulturminnelova (KML).
Det vil i desse områda vere aktuelt å sjakte med gravemaskin etter buplassar, graver og andre automatisk freda kulturminne under markoverflata. Områda som vert gravd i vert tilstelt og tilsådd
Område markert gult og blått på kart under viser kvar det skal gravast:
Oppstart av arkeologisk kartlegging:
Åheim sentrum: 18 mai 2021, 2-3 veker arbeid.
Tue-krysset: sannsynleg veke 23 (8 juni), 1-2 veker arbeid.
Grunnundersøking:
Fylke set i reguleringsplanane krav om grunnundersøking for å kartlegge fare for områdeskred i område. Det skal utføres boringar med beltegåande borerigg. Kvart hol som borast er 10 cm i diameter.
Åheim sentrum: 5 hol som er planlagt bora.
Tue-krysset: 6 hol som er planlagt bora.
Arbeidet startar i veke 20 (18-21mai).
Område markert blå runding på kart under viser kvar det skal borast:
Spørsmål til dette arbeidet kan rettast til:
Vanylven kommune: Helge Kleppe, tlf. 932 89 894
Arkeolog: M. og R. fylkeskommunen, Signe Marie Midtgård, tlf. 915 77 606.
Grunnboring: Norconsult: Marie D. Belland, tlf. 415 61 340.