Ønskjer du påminning om når du har tøming av behaldarane dine? - Vi lanserar appen "Min Renovasjon "

Klikk for stort bilete

Min Renovasjon er ein app laga for smarttelefonar. Her har du høve til å legge inn varsling slik at du kan få melding dagen før eller på tømedag. Appen viser også tømekalender, sorteringstips, miljøstasjonen og du kan sende oss melding via appen. Appen er laga av Norkart, og inneheld fleire kommunar i Noreg, blant anna Ørsta, Volda og Vanylven.

Korleis legge inn di adresseKlikk for stort bilete   

  1. Når du startar appen, vil du komme til startskjerm. Første gong du bruker appen må du legge inn ei adresse. Trykk på det grøne pluss-teiknet oppe til høgre.
  2. Vel den kommuna du bur i.Du kan søke den opp i det heilt øverste feltet eller trykke på den i lista som kjem opp.
  3. Du vil no få eit nytt val, her skriv du inn gateadresse eller gards- og bruksnummer. Gards- og bruksnr skrivast slik: 25/248 (gardsnr først).
  • Finn du di adresse, trykk på denne.
  • Finn du ikkje di adresse, ta kontakt med oss så kan vi hjelpe deg å finne ei midlertidig adresse som tilsvarar dine hentedagar.
  1. For å legge til ei varsling må appen ha tillatelse til å sende push-varsel.

    Du kan velje når du vil ha varslinga, dagen før eller om morgonen på tømedagen. Du vil då få ei varsling på telefonen som minner deg på hentedagen.

    Merk at det kan vere lurt å oppdatere appen til nyaste versjon jamleg, slik at varslinga fungerer optimalt. Appen er også avhengig av at ein har slått på mobildata eller har på trådlaust nett på varslingstidspunktet for at det skal fungere.

 

 

 

 

 

Informasjon du kan finne i appen Klikk for stort bilete  Klikk for stort bilete    

  • Datoar for neste tøming 
  • Opningstider på miljøstasjonen 
  • Kartbeskrivelse 
  • Prisar 
  • Datoar for neste tøming 

 

 

 

 

 

 

 

Tips dersom du ikkje får varsel:

 

iPhone: Sjekk om mobildata er skrudd på.  Appen må ha tilgang til mobildata. Dersom ein ikkje er kopla til Wi-Fi, vil ikkje det kome varsel frå appen.

 

Samsung: Nyare oppdateringar fra Samsung inkluderar noko som heiter “Appoptimering" som gjer at den blokkerar alarmar for appar. Dersom du har problem med at du ikkje får varsel på Samsung telefonar, kan du gjere følgjande:

1. Velg app: Smart Manager

2. Velg Kategori: “Batteri”

3. Under Appoptimering, velg “INFO”

4. Deaktiver funksjonen appoptimalisering for Min Renovasjon

 

Huawei:

Huawei telefonar har også dette med straumsparing av appar. For å slå av dette for appen Min renovasjon kan du gjere følgjande:

  1. Gå til Innstillinger og så til Apper
  2. Finn appen Min renovasjon
  3. Vel så Detaljer om strømforbruk
  4. Vel App-oppstart og hak vekk administrer automatisk
  5. Dei tre punkta Auto-start, Sekundær oppstart og Kjør i bakgrunn skal vere aktivert