Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Forslag på meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten Kommunestyret skal innan 1. juli 2024 velje meddommarar:4 kvinner og 4 menn til tingretten3 kvinner og 3 menn til lagmannsretten8 personar til jordski...
Planstrategi for Vanylven kommune 2024-2027 - Høyring Vanylven formannskap vedtok i sak 04/24 den 23.01.2024 at arbeidet med ny kommunal planstrategi for 2024-2027 skulle startast opp. Forslaget til plans...
Mellombels endring av parkeringsplassen på Åram ferjekai I samband med anleggsarbeid på Åram ferjekai er det avtalt at ein flyttar parkeringsplassen ved Åram ferjekai ei periode.
Vanylven Frivilligsentral Nyoppstarta sentral i Vanylven. Her vil du finne informasjon om ulike aktivitetar, nyheiter for frivilligsentralen, samt informasjon om korleis du kan ...
Avviksmelding ved feil sortering i renovasjonsdunken Det er mykje feil sortering av avfall. Vi oppmodar alle i Vanylven kommune om å bruke dunkane til det avfallet det er meint som. Vi har fire sortering...
Opplæring av Helseplattformen er i full gang 27.april skal Helseplattformen takast i bruk i helse og omsorg. I Vanylven er dei godt i gang med opplæring i det nye fagsystemet Helseplattformen. De...
Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Invitasjon til sorggruppe for barn Sorggruppe er eit tilbod til barn i 1.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig ...
BUA - Vanylven flyttar til nytt lokale! Frå måndag 19.02.24 er BUA Vanylven stasjonert på Vanylvssmia på Eidså i nye fine lokale.Opningstider:Måndag: kl 12.00 - 16.00Onsdag: kl 12.00 - 17.00 ...
Informasjon om prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret» 01.09.2023 starta prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret». Prosjektet ser på det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge i kommun...