Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Invitasjon til sorggruppe for barn Pixabay.com Sorggruppe er eit tilbod til barn i 1.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig å treffe andre barn i same situasjon. Dei kjenner seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevingar.KVIFOR DELTA I SORGGRUPPE?Hjelpe barnet til å forstå sorgNormalisere tankar, kjensler og handlingarStøtte barnet til å finne styrke i seg sjølv og relasjonane sineØve på å fortelje si eiga tapshistorieHjelp til å bearbeide minneStad: Ulstein helsestasjonTid: Vår og haustPRAKTISK INFORMASJONGruppene er for barn frå kommunane:SandeHerøyHareidUlsteinØrstaVoldaVanylven Vi samlast fem gongar i om lag 1,5 time. Tilbodet er gratis og livssyns-nøytralt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar som har teieplikt.PÅMELDINGHelsesjukepleiar: Mari Haugen Lunde, Ulstein kommuneE-post: mari.haugen.lunde@ulstein.kommune.noTelefon: 48 22 73 42Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon? Ta kontakt med helsestasjonen i kommunen dinBrosjyre (PDF, 141 kB) Publisert 26.02.2024 12:48