Informasjon om prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret» 01.09.2023 starta prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret». Prosjektet ser på det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge i kommunen, organisering av tenestene og eventuell reetablering av familie- og læringssenteret. Prosjektet varer til september. Solveig Menes er prosjektleiar og har med seg ei tverrfagleg samansett prosjektgruppe med representantar frå skule/barnehage, helsestasjonen og andre sentrale einingar som jobbar med barn og unge i kommunen. Første halvår har prosjektet mellom anna arbeida med: Kartlegging av status og behov i dei kommunale tenestene rundt barn og unge Møter med tilsete i skular og barnehagar i kommunen og tenestene som var organisert under tidlegare FLS Etablert tverrfaglege team (BTS-team: Betre tverrfagleg samarbeid) i skular og barnehagar Innhenta Informasjon om korleis andre kommunar organiserar tenestene Plan om etablering av ein ny ungdomsklubb og ungdomscrew. Arbeid med organisering av nytt, lovpålagt psykisk helsetilbod for barn og unge i kommunen Framover vil prosjektet arbeide med: Innhente erfaringar frå ungdom, foreldre/familiar som bruker/har brukt tenestene Framtidig organisering av tenestene Starte opp tverrfagleg samarbeid på systemnivå Følgje opp aktivitetar som vart starta første halvår Sikre samarbeid med spesialisthelsetenesta Dersom de har spørsmål eller innspel til arbeidet i prosjektet, ta gjerne kontakt med underteikna. Ynskjer alle ein god dag. Mvh Solveig Menes Prosjektleiar «Reetablering av familie- og læringssenteret» solveig.menes@vanylven.kommune.no Ttlf. 90 62 59 52 Publisert av Irma Kristin Moen Publisert 13.02.2024 13:28