Eigenberedskap i heimane Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no? Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett. Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare. Du er ein del av beredskapen i Noreg Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. – Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Eksempel på beredskapslager: 9 liter vann per person (Les også: Slik lagrer du vann) to pakker knekkebrød per person en pakke havregryn per person tre bokser middagshermetikk eller tre poser tørrmat per person tre bokser med pålegg med lang holdbarhet per person noen poser tørket frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade medisiner du er avhengig av ved-, gass eller parafinovn til oppvarming grill eller kokeapparat som går på gass stearinlys, lommelykt med batterier eller parafinlampe fyrstikker eller lighter varme klær, pledd og sovepose førstehjelpspakke batteridrevet DAB-radio batterier, ladet batteribank og mobillader til bilen våtservietter og desinfeksjonsmiddel tørke-/toalettpapir sanitetsprodukter litt kontanter ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging jodtabletter ved atomhendelser dersom du er under 40 år, gravid, ammende eller har barn som bor hjemme (Les mer på dsa.no) Sist endra 07.12.2022 12:02
Informasjonspakke veke 18 Overordna status, erfaringar så langt, planen vidare og folka i spissen. Dei fyrste erfaringane med helseplattformen er gode.
Invitasjon til deltaking i energigrupper Kunnskapsbygging energi.Vanylven kommune ynskjer å invitere engasjerte innbyggjarar i Vanylven til å melde seg til å delta i energigrupper.
Høyring - Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune var oppe som sak i formannskapet i møte den 30.april 2024. Denne blei teken til vitande og lagt ut på høyring.
Ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage Vanylven kommune har ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage. Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit års vikariat me...
Høyring - Prosjektplan for Vanylven 2027 Prosjektplan Vanylven 2027 (PDF, 2 MB)Prosjektet «Vanylven 2027» tek sikte på å handtere utfordringar knytt til kommunal tenesteproduksjon – dette i høve til den ...
Feltarbeid og fuglekartlegging frå NIBIO i Vanylven I samband med programmet for tilstandsovervåking og resultatkontroll i kulturlandskapet til jordbruket, det såkalla 3Q-programmet, skal Norsk institut...
Ledig vikariat som rektor ved Myklebust barne- og ungdomsskule Vanylven kommune har ledig vikariat som rektor på Myklebust barne- og ungdomsskule. Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit ...
1. mai brakar det laust med ny Stikk UT sesong Med heile 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesong større enn nokon gong. Stikk UT!-appen kjem i ny forbetra versjon, og for første gong kan ...
Flagging 17.mai i grendalaga Vanylven kommune vurderer å avvikle kommunal flagging på flaggdagane, dette for å spare ressursar og redusere kostnadar ved flagging. Vi kan samtidig ...
Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai Det vert markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai ved bysta av Ragnar Ulstein, utanfor Ulstein rådhus.