Høyring - Prosjektplan for Vanylven 2027

Høyring - Prosjektplan for Vanylven 2027

Prosjektplan Vanylven 2027 (PDF, 2 MB)

Prosjektet «Vanylven 2027» tek sikte på å handtere utfordringar knytt til kommunal tenesteproduksjon – dette i høve til den aukande del eldre over 80 år og ein reduksjon av born og tal på innbyggjarar i arbeidsfør alder frå 18 – 67 år. Samtidig så har kommunen store utfordringar med utanforskap blant unge,  og svak næringsutvikling. Med reduserte ressursar og få offentlege arbeidsplassar, så vil vi få press på dei kommunale tenestene. Alle disse endringane må vi ta med oss i arbeidet og sikre oppdaterte planar og reguleringar for å møte framtidas utfordringar.

Kommunen må knyte prosjektet til tiltak for inntektsauke, innsparing, effektivisering og digitalisering/digital transformasjon. Dette gjeld automatisering og robotisering av oppgåver innanfor tenesteområda økonomi, lønn, byggesaker og velferdstenester,  samt bruk av AI i tenesteproduksjonen til kommunen.

 

Kommunen ber om at merknadar og innspel sendast til postmottak@vanylven.kommune.no innan 21.mai.