Invitasjon til deltaking i energigrupper

Invitasjon til deltaking i energigrupper

Kunnskapsbygging energi.

Vanylven kommune ynskjer å invitere engasjerte innbyggjarar i Vanylven til å melde seg til å delta i energigrupper.

 

 

 

 

 

 

 

 

Vanylven kommune har dei siste åra vore oppteken av å sikre nok energi til næringslivet og innbyggjarar, og har kartlagt at kommunen i framtida manglar både energi og framføring av energi.

Vanylven kommune har arrangert to fagdagar knytt til energi i 2023. Med bakgrunn i dette ynskjer formannskapet no å setje ned grupper for kunnskapsbygging innan dei ulike energikjeldene.

Vi ynskjer difor å invitere engasjerte innbyggjarar i Vanylven til å melde seg til gruppene. Ein føresetnad er at ein har eit positivt engasjement for å utgreie energikjelda for gruppa ein melder seg på. Til alle gruppene vert det tilknytt ein fagperson. Endeleg rapport skal presenterast og leverast på ny fagdag om energi i februar 2025.

Energikjeldene vi snakkar om er:

  • Vasskraft
  • Vindkraft
  • Kjernekraft
  • Solenergi
  • Energiøkonomisering

 

Gruppene skal levere på fylgjande hovudpunkt:

  • Energimengd
  • Linjeføring gjennom kommunen
  • Økonomi til kommunen
  • Realistisk tidsperspektiv
  • Grad av naturinngrep

 

Med bakgrunn i dei meldte interessene, vil formannskapet i møte den 28.mai setje saman gruppene og utarbeide detaljert mandat.

 

Frist for påmelding: 21.mai 2024 til postmottak@vanylven.kommune.no.