Høyring - Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune

Høyring - Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune

Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune var oppe som sak i formannskapet i møte den 30.april 2024. Denne blei teken til vitande og lagt ut på høyring.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

240409 Innkjøpsstrategi for Vanylven kommune v9 (PDF, 300 kB)

Vanylven kommune deltek i innkjøpssamarbeidet til Ålesund, men kommunen ynskjer også å ha kontroll over eigne avtalar. Vi vil derfor vurdere frå sak til sak om vi skal delta i rammeavtalar med innkjøpssamarbeidet, eller gjennomføre eigne innkjøp. For å stå betre rusta til å inngå og følgje opp eigne innkjøp, ynskjer kommunen å utarbeide ein ny innkjøpsstrategi.

Kommunedirektøren viser til at det er behov for ein innkjøpsstrategi for å kunne sikre lokale innkjøp og at kommunen sikrar nødvendig kompetanse på dette området.

Vanylven kommune har følgjande mål for innkjøpsområdet:

  • auka fokus på innkjøp som verkemiddel for kommunen
  • utvikling av lokalt næringsliv
  • betre kontraktsstyring
  • meir miljøvenlege innkjøp
  • betre avtaledekning

 

Kommunen ber om at merknadar og innspel sendast til  

postmottak@vanylven.kommune.no innan 21.mai 2024.