Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan, og kommunestyret sitt viktigaste styringsdokument.
Det kommunale plansystemet er hierakisk oppbygd etter plan- og bygningsloven.
Kommuneplanen vert utarbeida av kommunen. Kommunestyret legg føringane for arbeidet og vedtek planen. Kommunedirektøren leier det administrative arbeidet og dei ulike tenesteområda deltek og bidreg til ein heilskapleg plan.
Publisert 14.03.2023 14:23
Sist endra 15.03.2023 08:38
Målet med kommunal planlegging er å skape eit godt samfunn for alle. Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar arealdel og samfunnsdel med handlingsdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål og interesser, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen.
Kommuneplanen skal ivareta fysisk-, økonomisk- og sosial planlegging. Hovedintensjonen er å samordne planarbeidet i kommunen og forsøke å styre utviklinga av lokalsamfunnet. Kommuneplanen har eit langsiktig perspektiv på over 12 år, men planen er rullerande, noko som tyder at den vert drøfta mellom anna i forbindelse med kommunen sitt årelege budsjettarbeid.
Kommuneplanen består av ein retningsgivande samfunnsdel og ein juridisk bindande arealdel.
Figur: Det kommunale plansystemet