Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel utarbeidast etter bestemmelsane i §11-2 - § 11-4 i plan- og bygningsloven. Samfunnsdelen er verktøyet for kommunane si heilskaplege planlegging.

Kommuneplanens samfunnsdel skal gi overordna mål for sektorane si planlegging og retningsliner for korleis kommunane sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i den kommunale verksemda.

Samfunnsdel for 2022-2040 har vore på høyring i 2022 og er under vidare arbeid.

Samfunnsdelen har to hovudinnretningar:

  • Kommunesamfunnet som heilskap
  • Kommunen som organisasjon

Gjennom arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel skal kommunen vektlegge viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek.

I samfunnsdelen skal det takast strategiske val for utviklinga av kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen er difor eit godt verktøy for strategisk overordna styring.

Samfunnsdelen til kommuneplanen kan bidra til å styrke medverknad i kommunens planarbeid og bidra til ei betre politisk styring. Ved at ein i samfunnsdelen klargjer kva planområde og satsingsområde ein vektlegg kan den ønska utvikling i kommunene få ei politisk retning.

Kommuneplanens samfunnsdel skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande åra eller meir, og om den skal reviderast/rullerast årleg. Økonomiplanen kan inngå i eller utgjere kommuneplanens handlingsdel, jf kommunelova § 14-4.