Kommuneplanens arealdel

Kommuneplanens arealdel

Ein arealplan er ein offentleg vedteken plan for arealbruk på eit område. Denne planen er rettsleg bindande.

Kommuneplanen er den overorda planen i kommunen og består av ein arealdel og ein samfunnsdel. Plan- og bygningslova (pbl) krev at kommunen skal ha eit planverk for å ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål.

Målet med kommuneplanens arealdel er å leggje til rette for ei arealforvaltning som gir ei god, levande og mangfaldig kommune. Planen gir tydelege rammer for dei som vil byggje og er eit verktøy for god og effektiv saksbehandling i plan- og byggesaker. Planen gir føreseielegheit i arealforvaltninga, for næringslivet og innbyggjarane, og bidreg til vekst og verdiskaping.

Vanylven kommune sin arealdel skal rullerast i 2024 og oppom finn du planprogram vedteke i kommunestyret 27. juni 2023.

Kommuneplanens arealdel

Kommuneplanens arealdel er ein overordna plan som bestemmer kva arealet i kommunen skal brukast til. Planen bestemmer kva område som kan byggjast ut, og kva som ikkje skal byggjast ut. Planen inneheld bestemmelsar om kva prinsipp og føresetnadar som skal leggjast til grunn for den meir detaljerte planlegginga som skjer i etterkant av vedtak av arealdelen.

Planen angir hovudtrekka for korleis areal i kommunen skal brukast, og set rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk. Samtidig skal planen seie kva viktige omsyn som må ivaretakast ved bruk av arealet.

Kommuneplanens arealdel har ein tidshorisont på 12 år. Dette for å kunne legge ein langsiktig plan, men ikkje for ei lengre periode enn ein klarer å forholde seg til.

Nye tiltak etter plan- og bygningslova §§ 1-6 og 20-1 må vere i samsvar med planen sine arealføremål og føresegner.

Kommuneplanens arealdel består av eit plankart, ein tekstdel, samt føresegner og retningsliner. I tillegg er det ei konsekvensutgreiing for alle forslag til endringar og ei risiko- og sårbarhetsanalyse.

 

Innhald i "Kommuneplanen til 2020- arealdelen"