Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Kvardagsturen er vinnaren i årets Stikk UT! Årets tal viser at Stikk UT! inspirerer og får folk ut på tur gjennom heile veka! I løpet av sommaren har 46 000 turgåarar registrert godt over 900 00...
Natt til tysdag vert vegen i Nordalen stengt Veg stengt frå i kveld 04.11 kl.22:00 til 05.11 kl.06:00 ved Nordalsvegen pga. avgraving av vegen.Ved spørsmål sjå 175.no eller ring 175.
Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune 31.oktober Vanylven kommune arrangerte torsdag 31. oktober Motivasjonsdag for alle tilsette i kommunen.Bakgrunnen for dagen er at vi ønskjer å få fram det positi...
Inviterer til ope møte om strandsonekartlegging og plan for naturmangfald 29.10.2024 Kommunen arbeider med ny arealdel av kommuneplanen -2034.Derfor skal strandsona kartleggast, for å finne ein god balanse mellom bruk og vern. Det skal ...
Natt til fredag vert vegen på Tunheim stengt Natt til fredag den 25.10 vil vegen på Tunheim halde stengt pga. avgraving av veg. Den vil halde stengt mellom kl.00.00-06.00. Ved spørsmål sjå 175ell...
Kulturprisen 2024 - frist 31.oktober Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til personar, organisasjonar eller andre aktørar som gjer eller har gjort ein stor ...
Markering av Verdensdagen for psykisk helse 24.oktober Vårsol inviterer til markering av Verdensdagen for psykisk helse torsdag 24.oktober kl.13-15 i Vårsol-bygget på Fiskå. Det vil bli enkel servering.
Feil ved utsending av kommunale avgifter med kvartalsfaktura Grunna ein feil i datasystemet vårt har alle abonnentar med kvartalsfaktura på kommunale avgifter fått denne saman med utsending av halvårsfaktura.Det ...
Lokale aktivitetsmidlar (LAM) - søknadsfrist 1.november 2024 No er det mogleg for idrettslag å søke om Lokale aktivitetsmidlar (LAM). Ordninga gjeld for idrettslag tilslutta NIF og midlane skal brukast til arbei...
Vintervedlikehald – Utlysing anbod - frist 24.10.2024 Gjeld for perioden 01.11.24 -31.05.27 Vi inviterer alle som ynskjer å utføre vintervedlikehald til å gå inn på denne lenkja: