Saker til kommunestyremøte 7. april 2026 - Vanylven kommune

Saker til kommunestyremøte 7. april 2026

Saker til kommunestyremøte 7. april 2026

Nedanfor kan du i korte trekk lese kva dei politiske sakene til kommunestyre 7.april vil omhandle.

  1. PS 29/26: Endring i administrative delegasjonar - konsesjonslova, matrikkellova og viltforskrift
     I denne saka legg kommunedirektør fram tilråding om endring i administrative delegasjonar for tilsette vedrørande konsesjonslova, matrikkellova og viltforskrifta, og dette er det kommunestyret som må godkjenne.  Dette vert gjort for å sikre rette delegasjonar av mynde og føreseieleg sakshandsaming for administrasjonen. 


     
  2. PS 30/26 : Kjøp av aksjar – avvikling av Vanylven Utvikling AS
    Funksjonstida for Vanylven Utvikling AS gjekk ut 31.desember 2025. Det er semje mellom aksjonærane at Vanylven kommune overtek alle aksjane i selskapet, slik det er regulert i aksjonæravtalen frå 2010. Kommunedirektøren si tilråding er at kommunen kjøper alle aksjane i Vanylven utvikling for kr 168 000, og at dette vert finansiert gjennom bruk av det ubundne investeringsfondet. 

     Formannskapet sitt vedtak i saka 24.mars: “Vanylven kommune kjøper alle aksjane i Vanylven Utvikling AS for kr 168 000, slik det er regulert i aksjonæravtalen frå 2010, og at dette vert finansiert gjennom bruk av kr 168 000 av det ubundne investeringsfondet”. 


     
  3. PS 31/26: Ny avtale om fallrettar mellom kommunane i sjustjerna og Tussa kraft AS
    Ny avtale om fallrettar mellom kommunane i sjustjerna og Tussa Kraft AS vert i denne saka framlagt for politisk godkjenning i formannskap og kommunestyre. Prosessen med å lande ny avtale har gått føre seg sidan sommaren 2024, og ny avtale ligg no føre. Kommunane har i fellesskap utarbeidd korrigert avtale som no er sendt til Tussa, og som anten vert godkjent eller som vil kome opp på eigarmøte til våren. 

    Formannskapet sitt vedtak i saka 24.mars: “Den nye avtalen mellom kommunane i sjustjerna og Tussa Kraft AS om fallrettar vert godkjent”.


     
  4. PS 32/26: Revisjon av retningslinjer for lån i risikofondet
    Etter bestilling frå formannskapet vert reviderte retningslinjer for lån i risikofondet lagt fram for handsaming. Slik revidering av styringsdokument er også ein del av kommunens internkontroll.
    Det er føreslått fleire endringar i retningslinjene. Utlån frå fondet til kjøp av fast eigedom, samt støtte til gjeldssanering, refinansiering og dagleg drift, er utelukka. Verksemder som låner frå fondet må vere registrert og lokalisert i Vanylven kommune i utlånsperioden. Finansieringsgrensa for prosjekt som aukar kompetansearbeidsplassar, sysselsetting av kvinner og ungdom, samt nyetableringar, er redusert frå 50% til minimum 25%. Eventuell pant skal avgjerast av formannskapet eller kommunestyret. Vanylven utvikling AS er avvikla, og lånesøknadar skal no sendast til Vanylven kommune. Kommunedirektøren fastset godtgjersle for låneforvaltning til kr 75 000 i året, og kan innhente ekstern kompetanse ved behov.

    Formannskapet sitt vedtak i saka 24.mars: "Reviderte retningslinjer for kommunal risikofond i Vanylven kommune vert vedtekne med desse korrigeringane:
    Punkt 3
    c) For å utløyse tildeling må tiltaket ha eit låneomfang på minimum kr 1.000 000,-
    d) Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal normalt ikkje overstige 30% av det totale kapitalbehovet for prosjektet. Berre i prosjekt som kan auke talet på kompetansearbeidsplassar, sysselsetting av kvinner og ungdom, eller ved nyetableringar innan satsingsområda i handlingsplanen for omstillingsarbeidet i Vanylven kommune, kan det bli gjeve finansiering over 30 % og maksimum 50%.
    Det skal takast omsyn til bruk av andre offentlege verkemidlar.
    Punkt 5
    a) Gjeldande rente for lånet vert fastsett av kommunedirektøren og skal fylgje ?????
    b) Eit eventuelt rentefritak skal avgjerast av formannskap/kommunestyret
    c) Lånet skal nedbetalast som serielån.
    d) Lånet skal nedbetalast innan 10 år frå utlånsdato.
    e) Eventuell pant skal avgjerast av formannskapet/kommunestyret..
    f) Etter søknad kan det gjevast avdragsutsetting ein gong med 4 terminar (to år)
    g)Dersom det vert søkt om fleire avdragsutsettingar kan det gjevast med to terminar om gongen så sant alle kreditorar (långjevarar) gjer det same.
    h) Alle søknader om avdragsutsetting vert godkjendt av kommunedirektøren og oppdatert rekneskap og siste års godkjendt årsrekneskap skal ligge ved søknaden.
    Punkt 6
    - Godtgjersle for forvalting av fondet vert fyrste gong fastsett av kommunestyret. Forvaltninga av lånet vert fastsett til kr 75 000 i året. Vidare vert godtgjersla justert 01.01 kvart år etter konsumprisindeksen"


     
  5. PS 33/26: Økonomireglement – heving av innkjøpsgrense og budsjettprosess med årshjul

    Stortinget har 29.januar 2026 vedteke endring i anskaffelseslova (Lovvedtak 26 (2025-2026)) som inneber heving av terskelverdien for offentlege innkjøp frå kr 100 000 til kr 500 000. Kommunestyre vedtok også i k-sak 09/26 budsjettprosess med årshjul. Dette er endringar som er naudsynt å implementere i kommunens økonomireglement. I denne samanheng har ein også føreteke forbetringar av reglementets struktur.

    Formannskapet sitt vedtak i saka 24.mars: Det oppdaterte økonomireglementet vert vedteke med ei heving av terskelverdien fra kr 100 000 til kr 500 000, i samsvar med endringen i anskaffelseslova, samt endringar i oppbygging og struktur. 


     
  6. PS 34/26: Suppleringsval og val av ny nestleiar til kontrollutvalet
    Nestleiar i kontrollutvalet fekk i kommunestyremøte den 23.februar innvilga fritak frå politiske verv, og då i hovudsak frå vervet som nestleiar i kontrollutvalet. Kommunestyret må difor gjennomføre suppleringsval etter kommunelova § 7-10, samt velje ny nestleiar, jf. kommunelova §23-1. 


     
  7. PS 35/26: Søknad om finansiering av innsatsgruppe – Stad skipstunnel

    Kommunen har motteke søknad om støtte til innsatsgruppa for Stad skipstunnel, knytt til vidare arbeid med kunnskapsformidling og påverknad, og slik sak vert difor lagt fram for politisk handsaming i formannskap og kommunestyre.
    I søknaden framgår det at innsatsgruppa søkjer om kr 300 000 frå vertskommunane, og dette utgjer kr 100 000 for Vanylven kommune. Kommunedirektøren si tilråding er å gje positivt tilsagn til søknaden og at denne summen må finansierast frå kommunens politiske midlar.

    Formannskapet sitt vedtak i saka 24.mars: Vanylven kommune gjev positivt tilsagt til søknaden om finansiering av innsatsgruppa for Stad skipstunnel. Kommunen imøtekjem søknaden om eit beløp på kr 100 000, som skal finansierast frå kommunens politiske midlar.