Vanylven kommune har kome fram til at det er både økonomisk gunstig og tenestemessig betre å tilsetje ein eigen brannførebyggjar i 100 prosent stilling framfor å leige inn eksterne firma.
1. februar 2026 starta Marte R. Hansen i jobben. Ho kjem frå Ulstein og Hareid brannvesen med nesten 15 års erfaring, og har både svennebrev og meisterbrev i faget.
– Vi er svært glade for å få Marte på plass. Kompetansen hennar gjev oss ei unik moglegheit til å heve servicenivået overfor innbyggjarane, seier brannvesenet i ein kommentar.

Meir enn berre tilsyn og feiing: Tilbyr gratis kontroll av sløkkjeapparat
Sidan kommunen no har eigen kapasitet, vil Hansen bruke meir tid ute hos den einskilde. Som ein del av den nye «ekstraservicen» vil ho no utføre sertifisert kontroll av brannsløkkjarar (som er påkravd kvart femte år) heilt utan ekstra kostnad når ho likevel er på tilsyn.
Dersom sløkkjarar er defekte eller har gått ut på dato, kan innbyggjarane kjøpe nytt utstyr direkte frå brannvesenet til deira prisar – langt billegare enn tilsvarande i butikk eller på nett. Hansen vil òg bistå med kontroll og batteribytte på røykvarslarar, eller montering av nye dersom dei gamle er over ti år.
Viktig varsling via SMS
Innbyggjarane vil få varsel om tilsyn/feiing frå eit 14-sifra nummer. Brannvesenet oppmodar alle til å svare på desse meldingane.
– Eg ønskjer at flest mogleg skal få gjennomført tilsyn og ein kontroll av feiebehov. Dersom datoen i SMS-en ikkje passar, eller du ønskjer eit anna tidspunkt, er det berre å ringje meg, så finn vi ei tid som fungerer for bebuaren, seier brannførebyggjar Marte R. Hansen.
Storstilt satsing på fritidsbustader
Frå og med neste veke startar ein innsats retta mot fritidsbustader i kommunen. Etter forskriftsendringa i 2016 skal fritidsbustader ha tilsyn på lik line med bustadhus. Dette arbeidet har lege bakpå i Vanylven, men no vert det sendt ut varsel til rundt 200 fritidsbustader.
Feiing og tilsyn for desse vil i hovudsak gå føre seg i perioden mai til august.
– I staden for å setje opp ein fast dag, vil vi varsle periodevis slik at eigarane kan ta kontakt og avtale ein dag som passar for dei. Vi håpar dette gjev ei betre løysing, ettersom ein del bur langt unna fritidsbustaden og dermed kan leggje tilsynet til eit allereie planlagt besøk på hytta.