Klipp av hekkar, busker og tre

Klipp av hekkar, busker og tre

Buskar og tre på eigedomen din må ikkje vekse ut over fortau og veg. Her får du råd om korleis du kan løyse det for å sikre mjuke trafikantar, og for å hindre trafikkulykker.

Dersom avkøyrsla di kryssar ein gang- og sykkelveg, må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Statens vegvesen

Ved kryss og andre stader der sikt er viktig, skal hekk og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter, også ved snøfall. Små barn rundt hjørnet må vere synlege for bilistar og syklistar.

Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje verte tvinga ut i vegbana på grunn av vegetasjon. Hekk, buskar og tre skal heller ikkje skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys.

Greiner frå tre over fortau og sykkelfelt må henge minst 4 meter over bakken. Fri høgde over sjølve vegbana skal vere minst 4,7 meter.

Dersom avkøyrsla di kryssar ein gang- og sykkelveg, må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Statens vegvesen

Ein god huskeregel kan vere å ta ein ekstra sjekk på at alt er i orden til skulestart. Oppmodinga gjeld også før snøen kjem og brøytebilane skal ut på vegane.

Tre/hekk langs køyreveg må klippast godt utom asfaltkant, for speglar på lastebilar stikk gjerne 30-40 cm ut frå bilsida.

Dersom det ikkje er klipt godt nok, kan kommunen pålegge grunneigarar å klippe. Det vil då verte sendt ut ein SMS med ei påminning. Etter tre varsel kan kommunen utføre arbeidet.

Lenke til regelverk.

Viss avkøyrsla di munnar ut i vegen må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Fartsgrense på vegen avgjer kor langt inn i oppkøyrsla du må ha fri sikt. Statens vegvesen

 

Om det er naboen sin hekk som er problemet, ta praten over hekken. Naboar som minner kvarandre vennleg om å klippe trafikkfarleg vegetasjon, er gode naboar. 

Kommunal grunn

Sjølv om kommunen gjer sitt beste for å feie for eiga dør, eller klippe eigen hekk - skjer det at også kommunen treng ei påminning.

Ser du busker, hekkar eller tre på kommunal eigedom som treng ny sveis, send ein e-post til postmottak@vanylven.kommune.no.