Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Beklagar deling av opplysningar Kommunen har sendt ut brev om førehandsvarsel for endring av husleigesatsar til leigetakarar av kommunale bustadar i Vanylven kommune. Dessverre var d...
Digitalt folkemøte om økonomiplan og budsjett Torsdag 26. november kl 18 inviterer kommunen til digitalt folkemøte om budsjettet for 2021 og økonomiplanen til 2024.
Velferdsteknologi for alle - Webinar 26.11.20 Personer med nedsatt funksjonsevne kan ha stor nytte av velferdsteknologi, forutsatt at den er universelt utformet. I dette webinaret skal vi se på ...
Rådhuset har fått ny vegadresse Rådhuset har fått tildelt vegadresse Rådhusvegen 1. Vidare har Combisenteret AS fått tildelt adressa, Rådhusvegen 3 , og Aktivitetssenteret, Rådhusv...
Tusentakk for kjempegod innsats i kampen mot plast i havet Innbyggarane i Vanylven har til no samla inn 126.034 kroner! TV-aksjonen, har som det meste anna i år, vore prega av koronapandemien. Derfor har vi m...
Intervju med Petrine Ystebakk Sjåstad Petrine er ei jente på 18 år frå Syvde i Vanylven som likar å teikne. I fjor lanserte ho boka «Draumen om Mira» som har vorte ein stor suksess. Denne ...