Kan du vere interessert i å vere frivillig instruktør for «Sterk og stødig»?

Kan du vere interessert i å vere frivillig instruktør for «Sterk og stødig»?

Vanylven kommune ynskjer å setje i gang med helsefremjande og førebyggande treningsgruppe for seniorar; «Sterk og Stødig». «Sterk og stødig» er gruppetreningar med øvingar for å betre balanse og styrke.

Treningsøktene vert leia av frivillige som har gjennomført instruktørkurs, medan fysioterapeutar føl opp instruktørane og koordinera tilbodet.

Ålesund kommune skal halde instruktørkurs i mars 2022, med påmeldingsfrist 17.02.2022.

I den samanheng søkjer vi etter frivillige personar som har interesse for å bli instruktør i «Sterk og stødig».

    

Målgruppa for treningane er seniorar som opplever endringar i rørslefunksjon og ustøhet i enkelte situasjonar. Treninga utførast ein gong per veke på dagtid og instruktørane vil primært få ansvar for ei gruppe kvar.

Aktuelle instruktørar vil få opplæring i form av eit fysisk kurs over tre dagar i Ålesund(15., 16. og 29.mars 2022), eit digitalt kurs vi tek på ei samling i kommunen og eit kurs i førstehjelp. Instruktørane vil få oppfølging av fysioterapeutane i Vanylven kommune.

Vårt mål er å kunne starte grupper i ulike bygder i kommunen og håpar at det er nokon som har motivasjon og interesse for å vere med å bidra.

Ved interesse eller spørsmål, ta kontakt med: Silje Marita Vallestad, tlf: 46941898, e-post: silje.marita.vallestad@vanylven.kommune.no  

 

Les meir på nettstaden til Sterk og stødig