Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden? Kommunane på Søre Sunnmøre lanserer onsdag 16. september e-Torg - nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.
Mobbeombodet i Møre og Romsdal Mobbeombudet er en ombudstjeneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får en trygg og god hverdag i barnehagen og på skolen. Mobbeombude...
Råd til næringsdrivande i korona-arbeid Kommunen oppmodar alle næringsdrivande til å gjere seg nokre tankar om korleis dei skal løyse det ved høgare sjukefråvær og ved eit eventuelt utbrot ...
Etteroppgjer - betaling for opphald i institusjon I desse dagar jobbar vi med etteroppgjer for alle bebuarar som hadde langtidsopphald i institusjon i 2019. Nokre har fått vedtak og dei andre dette g...
Ønskjer du å TA TAK? Ta Tak er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med si psykiske helse og/eller rusmiddelavhengigheit.
Retningslinjer frå 10.08.20 Kommuneoverlegen i Vanylven har no i sammarbeid med kommuneleiinga oppdatert dei nye retningslinjene frå 10.08.20.
Regionalt miljøtilskot i jordbruket - frist for spreiing av husdyrgjødsel Vi vil minne om at dersom du vil søkje om tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel 10.au...
Ledige næringstomter Vanylven kommune har som mål å få til eit variert og nyskapande næringsliv. Vi vil skape vekst basert på bulyst og næringsutvikling. Kommunen ønskjer ...
Jobbsjansen - ei teneste for unge vaksne Jobbsjansen er ei teneste kommunen levera for unge vaksne i alderen 16 – 23 år.Tilbodet passar for dei som ikkje har meistra skulen, ikkje fått lærlin...