Ungdata-undersøking i Vanylven

Ungdata-undersøking i Vanylven

Vanylven kommune skal i veke 5 og 6 gjennomføre Ungdata junior i 5.-7. klasse og Ungdata i 8.-10.klasse. Skulane har sendt ut informasjon digitalt til føresette og elevane.

Datoane for gjennomføring er:

Fiskå skule: 31.januar

Myklebust skule: 3.februar

Åheim skule: 8.februar

 

Det er frivillig å delta i undersøkinga, men vi håpar dei aller fleste vil delta for å gi oss eit mest mogleg riktig bilete av korleis barn og unge har det.

Tidlegare har kommunen gjennomført Ungdata i 2013, 2016 og 2019. Formålet er å gi barn og unge moglegheit til å fortelje lokalpolitikarar og andre vaksne korleis det er å vekse opp i Vanylven. Kunnskapen vil i etterkant bli brukt i kommunen sitt arbeid med denne aldersgruppa. Undersøkinga vert gjennomført elektronisk og tek om lag ein skuletime. Det er fleire tema som vert teke opp, blant anna venner, fritid, mediebruk, skule, helse, mobbing, rusmiddelbruk med meir. Undersøkinga er anonym. Helsesjukepleiar vil vere tilgjengeleg på skulane desse dagane. Dei som ynskjer meir informasjon kan gå inn på www.ungdata.no.

La-Rel Easter/Unsplash.com