Vanylven kommune får innovasjonshjelp som Gnist-kommune

Vanylven kommune får innovasjonshjelp som Gnist-kommune

Vanylven kommune har nyleg blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommuner. Grunnen til dette er den komande bygginga av Stad skipstunnel. Som Gnist-kommune vil kommunen få hjelp til å utforske korleis synergiane frå skipstunnelen kan utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida. Kommunen er førebudd på å tenkje utanfor boksa og sjå på utradisjonelle løysingar, både fysiske og digitale. Målet er at dette skal kunne bidra til å snu utviklinga med nedgang i talet på innbyggjarar. 

Kommunen er plukka ut som ny Gnist-kommune av DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret, i tett samråd med fylkeskommunane. Dei andre Gnist-kommunane er Åseral, Lom, Sortland,Suldal, Nome, Sogndal/Luster/Aurland, Nore, og Nore og Uvdal kommune.

Vanylven kommune ser fram til ei spennande tid som utan tvil vil ha mykje å seie for nærområdet. Kommunen deltek på ei oppstartssamling med DOGA 14. og 15. februar og vil kome med meir informasjon etter kvart. Stad kommune skal vere følgjekommune til Vanylven i Gnist-programmet. 

Her kan du lese meir om Gnist-programmet

Her kan du lese meir om dei kommunane som har blitt plukka ut til å vere Gnist-kommunar

 

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp    

Kontakt

Frode Vik
kommunalsjef for KUOP og kst. ass. Kommunedirektør
E-post
Telefon 70 03 00 05
Mobil 99 28 86 00