Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Viltpåkøyrsel og utdeling av viltband i Vanylven Visste du at kvar time i døgnet, rundt i heile Noreg, blir eit hjortevilt påkøyrt ? Dei fleste viltpåkøyrslane skjer frå oktober til desember.
Vanylven Legesenter har innført timebestilling via HelsaMi Dette er for pasientar som har fastlege ved Vanylven Legesenter. I oppstarten blir det lagt ut eit begrensa antall timer som kan bestillast elektronis...
Ny oppstillingsplass på Årvika ferjekai Ny oppstillingsplass på Årvika ferjekai vert klar torsdag 22. august. Det er fleire dagar tidlegare enn fyrste melding. I to dagar frå 20. - 21. augus...
Løyve til fiske - Norconsult AS - elektrofiske i samband med overvaking av vannforekomstar 2024 I samband med overvaking av vannforekomstar 2024 har Norconsult AS v/ Tobias Karlson fått løyve til å fiske med elektrisk fiskeapparat i Fiskåelva og ...
Råd for funksjonshemma 2023 - 2027: Forslag på medlem og varamedlemar Det må veljast ein ny medlem og varamedlemar til Vanylven råd for funksjonshemma.
Innbyggjarundersøking 2024 Vanylven kommune ynskje å tilby innbyggjarane sine best mogleg tenester. I år gjer vi derfor ei ny innbyggjarundersøking, og denne blir sendt ut til a...
Varsel om oppstart av detaljregulering for «E51 – Krokenesvågen» i Vanylven kommune. PlanID: 1511-202304. I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 38/8 med fleire i Vanylven kommune. N...
Informasjonspakke Helseplattformen veke 22 Første veke etter kommandosenterperioda er no over. Det betyr at vi er over i meir sjølvstendig drift og at vi ikkje lenger har on-site support frå He...