Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Sentralbordet og servicetorget er stengt fredag frå klokka 08.30-10.00 Fredag 13.juni vil sentralbordet og servicetorget ved rådhuset i Vanylven vere stengt frå kl.08.30-10.00 på grunn av møte. Det betyr at du ikkje får sv...
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025.Formålet med ordninga er å ...
Aktivitet- og vannsportsveka 2025 I veke 26 arrangerer Vanylven Frivilligsentral og Bua Vanylven den populære Aktivitet og vannsportsveka. Heile veka vil deltakarane få moglegheit til ...
Endra opningstider for biblioteket i sommar Biblioteket held sommarstengt frå og med veke 27 til og med veke 32, altså frå 30. juni til 8. august 2025.
STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET I 2025 er det val av nytt storting og nytt sameting.Valdagen er fastsett til måndag 8. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag ...
Ny organisasjonsmodell Kommunedirektøren vil med dette orientere om at kommunen over tid har arbeida med ny organisasjonsmodell. Kommunedirektøren har i dag bestemt at vi sk...
Snart klart for Sommarles.no! Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i Vanylven vere med på Noregs kulaste lesekampa...
Resultat frå arbeidsmiljøsmiljøundersøking MTM er ein spørjeskjema basert metode som gir suveren oversikt over korleis medarbeidarane og leiarane oppleve sin arbeidssituasjon og sitt arbeidsmil...
Sjå programma for 17.mai i Vanylven kommune Her finn du oversikt over kva som skjer rundt om i kommunen vår på nasjonaldagen.
Pride-markering i Vanylven kommune Denne veka har Bygdepride sett fokus på mangfald, tilhøyrsle og retten til å vere den ein er – uansett kvar ein bur. Som ei avslutning på veka heisar ...