Eigenberedskapsveka i Vanylven kommune
Denne veka markera vi den nasjonale eigenberedskapsveka i Vanylven kommune.
Vi ønskjer å informere innbygggjarane våre om den lokale beredskapen, samt kome med tips og triks til kva ein kan gjere som innbyggjar dersom det skulle oppstå ei uforutsett hending i kommunen vår.

Øving Fårikål er den årlege, felles beredskaps- og skrivebordøvinga for kommunane i regi av Statsforvalteren i Møre og Romsdal. Hensikta med øvinga er å trene den kommunale kriseleiinga i varsling, samhandling og bruk av krisestøtteverktøy under store, uforutsette hendingar.
Kvart år er Vanylven kommune med på denne øvinga for å styrke vår lokale beredskap.
Tidlegare scenario i Øving Fårikål:
- Noreg øver (2026): auke forståinga for korleis kommunen skal handtere ei alvorleg tryggleikspolitisk krise, eller ein krigssituasjon.
- Eigenberedskap (2025)
- Totalforsvar (2024)
- Flyktningskrise (2023): Håndtering av ein akutt , firedobla straum av flyktningar til kommunane
- Atomberedskap (2022): Tiltak og krisehåntering ved atomhendingar og rasioaktivt nedfall
- Digitalt angrep (2021)
- Pandemiutbrot (2020): Lokale smitteverntiltak og beredskap før det store koronautbrotet.
- Infra- og ekomutfall (2017): Langvarig straumbrot med påfølgjande fullstendig svikt i mobil- og telenett (EKOM).
- PLIVO-hending (2016): Samhandling ved Pågåande Livstruande Vold (feks skuleskyting eller terror)
Meir informasjon finn du om beredskap her