Informasjon om arbeidet med sjøleidningar til Stad skipstunnel

Informasjon om arbeidet med sjøleidningar til Stad skipstunnel

Kystverket har inngått kontrakt med Telemark Seaworx AS om etablering av om lag 12 kilometer med vassleidningar fram til anleggsområda for Stad skipstunnel.

Arbeidet startar i desse tider og vil først starte i Stad kommune i Moldefjorden. 

Leidninga frå Åheim vil ha oppstart i vinter- før nyttår. 

Leidningane skal gå frå Åheim til portalområdet i Kjøde og frå Moldestad i Moldefjorden til det sørlege portalområdet på Eidsstranda. Undervegs skal det etablerast fleire landtak og ventilhus.

Tiltaket er planlagt i samarbeid med Stad kommune og Vanylven kommune, som er med på å finansiere arbeidet. Vassleidningane skal sikre vassforsyning til portalområda, men vil òg gi kommunane høve til å knyte til område som i dag ikkje har kommunal vassforsyning.

Les meir om arbeidet med sjøleidningane i nyheitsbrevet (PDF, 644 kB)

Informasjonen blir også lagt ut på kystverket.no