Vanylven kommune ynskjer å inngå avtale om å gjennomføre ei strandsonekartlegging samt bistand i arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald

Vanylven kommune ynskjer å inngå avtale om å gjennomføre ei strandsonekartlegging samt bistand i arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald

Vanylven kommune har starta kommuneplanarbeidet. Kommunestyret vedtok 9. mai 2023 samfunnsdelen med ein arealstrategi, der det i arealstrategien ligg følgjande føringar for arbeidet med arealdelen:

«Det skal gjennomførast ei strandsonekartlegging med sikte på å kunne skilje ut kva område som må vernast og kva område som kan tilretteleggast for utbygging og ferdsel. Målet er å kunne nytte delar av strandsona til utbygging og tilrettelegging for ålmenta, og samtidig sikre andre deler av strandsona nødvendig vern.»

Kommunen  vil  med  bakgrunn i dette lyse ut arbeidet med å gjennomføre ei strandsonekartlegging, og dette skal gjerast etter same metodikk som fylkeskommunen i Vestland har utarbeidd i strandsonerettleiar for Vestland fylke

 

Kommunestyret har 5. februar 2024 vedteke å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald. Kommunen legg til grunn at dette, saman med strandsonekartlegginga, vil vere eit godt kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Dette arbeidet skal gjerast etter rettleiar som er fastset av Miljødirektoratet. Føremålet  med kommunedelplan for naturmangfald, er at planen skal  bidra  til  kunnskap  om naturmangfald  som grunnlag  for interesseavvegingar samt sikre raskare og meir føreseielege planprosessar på detaljplannivå. Dette gjennom at interesseavvegingar kan skje på kommuneplannivå. Det er også eit ynskje at planen skal vareta omsyn til lokaldemokrati og medverknad, og dette er eit argument for at planen blir gjennomførte som ein kommunedelplan.

 

Vi viser til utlysingsteksten, eigenerklæringa og kontraktsvilkår som du kan laste ned.

Konkurranseutsette arbeid med strandsonekartlegging og bistand til kommunedelplan for naturmangfald (DOCX, 335 kB)

Eigenerklæring (DOCX, 15 kB)

Standard kontraktsvilkår  (DOCX, 39 kB)