Nye faresonekart på Fiskå - frå Lisjeeide til Sighaug. Høyring til 20.12.24

Nye faresonekart på Fiskå - frå Lisjeeide til Sighaug. Høyring til 20.12.24

Ligg huset ditt i faresone for skred på Fiskå? No er førebels rapport klar for innspel. 

Heile strekninga frå Sighaug til Lisjeeide har blitt vurdert for snøskred, sørpeskred, steinsprang og flomfare. No ligg førebels rapport ute til høyring. Alle kan kome med innspel til NVE. Målet er å få inn informasjon som ikkje er omtalt i rapporten. T.eks. om du kjenner til eksisterande sikringstiltak, tidlegare skredfareutgreiingar og historiske skredhendingar som ikkje er nemnt her? Dette er ein del av nasjonal skredfarevurdering bestilt av NVE, utført av Rambøll AS i år (2024).  

Kartet er delt i sannsynlegheit for skred 1/100 (1 gong pr 100 år), 1/1000 år og 1/5000 år. Kravet til bustadhus er 1/1000.

Høyringsfrist: 20. desember 2024
Førebels rapport
Kart med faresoner
Høyringsskjema